VEGAR VALDE er fotograf i Bergens Tidende.

VEGAR VALDE er fotograf i Bergens Tidende.

Ærendet på loftet var noko heilt anna, men her fann vi grunn til relevant undring: Kvifor er dette her? Kva kan det brukast til? Og kvifor i all verda er det ikkje kasta?

  • Har du ryddet på loftet i det siste? Hva kan kastes, og hva kan absolutt ikke kastes?

Det første er enkelt å svara på. Kassen blei sannsynlegvis pakka ned før ei av dei mange kortsiktige flyttingane mellom utleigehusvêr i hovudstaden, for omlag 14 år sidan.

Nei, leksikonet kan ikkje brukast. Jugoslavia og Øvre Volta finst ikkje og Rolling Stones har så visst spelt i Noreg meir enn den eine gongen i messehallen på Sjølyst i 1965.

Forresten, eg kunne ha vist lysbilete, omdet berre var mogeleg å oppdrive den heilt ekstremt sjeldne pæra som ikkje har virka sidan apparatet blei pakka vekk.

Og til spørsmålet om kasting: Ein skal ikkje sjå smått på kva verdi dette kan ha for ein historikar om tusen år. Vi kan sjå det for oss. Arkeologen har gjort utgravinga og historikaren tek analysen.

- Hm, dette er uvurderlege funn som dokumenterer at dei faktisk omgav seg med ei rad fullstendig ubrukelege ting og utdaterte opplysningar som vi må anta ikkje kan ha vore rett særleg lenge.