Gerd Margrete Tjeldflåt er journalist i Bergens Tidende.

Gerd Margrete Tjeldflåt er journalist i Bergens Tidende.

Og eg har gledd meg til å rusle blant kvite trehus på veg til jobb, heller enn langs ein motorveg. Graset er grønare der dei har sollys etter klokka tre om ettermiddagen, har eg tenkt. No, ein månad og to etterpå, konkluderer eg med at forflyttinga for så vidt har levd opp til forventningane. Men det er noko med det. Det blir jo irriterande å ha sola i augo dagen lang.

  • Hvor synes du det er best å bo i Bergen? Si din mening i kommentarfeltet!

Her på solsida kan eg ikkje gå uflidd på butikken. Dei einaste som ikkje ser pyntelege ut her, kjem i tights rett frå trening. Joggebukse og stor genser utan grunn er eg åleine om. Og når det gjeld butikken, har eg framleis til gode å gå ut derfrå utan å leggje igjen 700 kroner. Her er kaffien spesialbrent og alt kjøt lokalprodusert. Slik lever dei her.

Som nyhendejournalist har det også vore ei gåve å bu på skuggesida. På veg heim kunne ein av og til snuble over væpna politiaksjonar. Her eg bur no er vel det verste lovbrotet folk gjer å bryte reglane til ei eller anna velforeining. Ja, eller grovt økonomi utruskap.

Eg skal gi det ein sjanse, livet i øvre samfunnslag. Men jammen var det fint å bu der sola aldri skin.